Eg underviser, driv prosjektarbeid og nettverksarbeid samt kompetanseutvikling og rådgiving. Eg har særleg ansvar for arbeidet innanfor førebygging av problematisk og skadeleg seksuell åtferd (SSA).
Eg er utdanna psykolog frå kandidatstudiet i København i 2012, og akkurat no er eg i avslutninga av spesialitetsutdanninga i samfunns- og allmennpsykologi. Eg har ein doktorgrad i psykologi frå 2008 ved NTNU i Trondheim. Her undersøkte eg tre ulike utval sine haldningar til og erfaringar med, seksuelle overgrep av barn. I 1999 avla eg hovudfag i psykologi ved same universitet. Denne studien undersøkte prestar i Den norske kyrkja sine haldningar til og erfaringar med, erotisk tiltrekning til og erotisk kontakt med, menneske som søkte dei for sjelesorg.I tillegg held eg på med studier i sexologi.
Eg har erfaring som behandlar ved spesialpoliklinikken for traumer ved Nidaros DPS og Flyktningehelseteamet i Trondheim kommune samt ved RVTS Midt sin Klinikk for flyktninghelse, traumer og tortur (lagt ned 31.12.24). Eg har utdanning- og lang erfaring i veiledning, både konsultativ veiledning og prosessveiledning. I tillegg har eg opparbeida meg brei kompetanse innan prosjektleiing og nettverksarbeid. Gjennom mange år har eg veileda masterstudentar i skriving av masteroppgåve, og har også sensoroppdrag innan fagområda mine. Eg var i fem år tilsett som førsteamanuensis 2 ved RKBU Midt, NTNU. Eg har også i fire år vore regional kontaktperson for VAKE - Kirkelig ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep.
Tema jeg er involvert i og underviser om: